img_1873

Seier i LB cup 2016, nr 3 i LA cup og Sølv i KM Dressur Ponni og KM Dressur LAG 2016

img_1873

1. og 2. oktober vart årets siste D-stemne i dressur arrangert på Sunnfjord Hestesportsenter i Florø. I stemnet inngjekk KM Dressur og Cupavslutning dressur 2016. Mathilde Elisabeth Reksten Dale og Lyheims Lindy hadde god margin i LB Dressurcupen og hadde i grunn sikra seg denne før stemnet. I tillegg var det spenning i om Lyheims Lindy og Lucinda Bjørnset Reksten kunne klare å hente 3. plass i LA dressurcupen. Og dette klarte dei.

Mathilde og Lindy var tittelforsvarer i KM Dressur ponni da dei vant denne i fjor. Det var hard konkurranse av gode ekvipasjar og Lindy har ikkje vore 100% fit etter NM. Mathilde og Lindy oppnådde i 1. avdeling 68,4% etter eit litt tamt program. Dette hold til 4 plass i klassen av 13 stk og foreløpig 2 plass i KM ponni. I tillegg var det med og danna grunnlag for sølv til jentene frå Tefre i KM Dressur Lag.

img_1844

I 2 avdeling blei det pittelitt smårusk, men elles eit bra program. Hesten har litt mindre energi enn vanlig, men gjer mange gode moment også. Det blir belønna med 64,583%. Dei sikra sølv i KM Ponni 2016. Det blei for tøft å forsvare gullet frå i fjor. Men Sølv og rød sløyfe er kjempebra det også. Etter 3 år på rad i KM Ponni har det blitt hhv: Bronse, Gull, Sølv. I tillegg eitt Lag Gull og eitt Lag Sølv. Ikkje verst. Lindy er definitivt verdt si vekt i gull.

img_1897-2

Etter å ha blitt nr 3 i LC cup i 2014, nr 2 i LB cup 2015 var det i år Mathilde og Lyheims Lindy sin tur til endelig å innkassere ein seier i cup. Lyheims Lindy har vunne denne cupen før med Lucinda på ryggen.

I tillegg har Lindy i løpet av året absolutt blitt sterkare og prosentane i LA med Lucinda på ryggen dei krype sakte men sikkert oppover. Denne helga oppnådde dei sitt 2 program til over 60% i LA.

img_1764

Flott sløyfefangst på 1 stemne på 1 hest

sloyfer

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *