Avlshoppa Siri Hero er solgt

siri3

Etter att stallen vi stod på blei lagt ned i 2014 har Siri Hero stått på Nordfjordeid hos Anne-Karin Løken der ho og 2 premiehingsten Kneist har gått i lag store delar av tida. Dei har produsert to flotte avkom i lag, Lyheims Faust og Lyheims Leik.

Denne avtala skulle vare fram til årets følskue på Nordfjordeid slik att Lyheims Leik (og Siri) fekk vore med i «Klart eg kan» saman med Karoline, dottra til Anne-Karin. Etter dette måtte eg finne på noko anna for Siri Hero. Tankeprosessen har pågått lenge og eg var mest lysta på å ta ho heim igjen til Florø. Men fornufta måtte rå. Økonomisk ville ikkje dette gå lenger.

Siri Hero blei lagt ut for sal i begynnelsen av september. Det tok ikkje spesielt mange timane etter annonsa var lagt på finn.no før eg hadde fleire potensielle kjøparar og forvertar.

Eg tok meg god tida og tenkte meg godt om før eg tok det harde og tøffe valget. Siri Hero vart avtalt solgt til Anne-Brit Balevik frå Balestrand. Levering så fort som mulig etter følskuet på Eid var unnagjort.

22. oktober var det duka for følskue på Nordfjordeid der Lyheims Leik deltok. Dette var også siste filming til Klart eg kan programmet. Leik reiste rett vidare til oppstalling for vinteren hos Ida Elin Røstad Sunde etterpå. Der skal han kose seg i lag med Ida sitt hingsteføll SD Bråkjekk i vinter.

Siri Hero blei derfor brått og brutalt skilt frå følet sitt denne dagen. Søndags ettermiddag tok vi fatt på ferden via Eid-Sogndal-Leikanger-Hella-Dragsvik til Balestrand. Siri vart sluppe ut på beite på garden til Anne-Brit samman med ein dølavalakk og nokre esel. Det heile såg ut til å gå veldig flott. Siri Hero vil nok få ein flott ny heim. Etter 16 år med denne flotte hoppa var det med vemod eg sjølv tok fatt på resten av turen heim att igjen med tom hengar. Ein hest som har betydd så masse for meg og gitt meg mange flotte avkom. Minna lever vidare og vegen er ikkje for lang så litt besøk kan det nok komme til å bli.

Naustvoll Gard på facebook

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *