Framsida
Om meg
Ungane mine
Fotoarkiv
Filmarkiv
Hest
Ålvora
Lenkjer
Blogg
Mine webprosjekt

Sist oppdatert: 12.10.10

Bilde


Blogg for Lucinda:

Her skriver eg litt om treninga av hestane mine. Prøver skrive nesten kvar dag. Kvar side viser 25 innlegg.


2007-04-28
Venter på føl for tida. Siri er no drektig i 11 mnd og minst 12 dager. Men det ser ut som dette tar si tid denne gangen også som sist ho føla. Da tok det 12 mnd før følet kom.

I dag skal eg til Ørsta på unghestskue og sjå Leika bli stilt der. Gleder meg.


2007-01-04
Siri fekk fri i dag. Har ordna rekneskapet til rideklubben sammen med Gitte. Så no er det i boks for i år.


2007-01-03
Longerte Siri litt ute på utebana. Regna så vi holdt ikkje på så lenge.


2007-01-02
Rei dressur i ridehallen sammen med Elin og Myklemann.


2007-01-01
Lauslongerte i ridehallen.


2006-12-31
Rei dressur i ridehallen. Smalt litt rakketer av og til så Siri var litt på tuppa.


2006-11-21
Rei tur rundt bygda. Rei også nedom campingen og vassa litt i vatnet. Siri tok litt av etterpå for det var noko veeeeeeldig skummelt der med campingen så stakk litt avgårde. Gøy....... for det trenger ho litt av no.


2006-11-20
Kjapp tur rundt Bø.


2006-11-19
Kurs med Kjetil. Jobba med høgre side der eg tar for mykje tak i høgre tøyle og hesten henger seg på. Får dårlig respons på sjenkel på høgre skulder. Kjetil satte seg oppå litt og viste meg. Gjett om hesten blei fin da ja........ sukk hadde vi berre fått til dette heile tiden hehe..... jaja


2006-11-18
Kurs med Kjetil. Jobba bra i dag. Masse aktiv aktiv aktiv. Gjorde litt bakpartsvendinger og dei blei faktisk veldig bra i dag. Trakka bra rundt og slikt, men litt seig og rytteren må jobbe litt mykje. men når vi får ordna det så blir dette veldig bra. Kjekk time.


2006-11-17
Kurs med Kjetil. Rytter og hest ikkje heilt i form etter att eg har ligget i spysjuka i går. men på kurs skulle vi så det så. Litt lite krefter men. Jobba med aktiv hest og få henne til å regaere kvikkere. Begynner å blir føltung etter kvart så ja eh det blir litt seig og daff hest av og til ja.


2006-11-16
Sjuk. Spysjuka......... ungane har smitta meg


2006-11-15
Ungane er sjuke i dag.............


2006-11-14
Styra med å få bilen i dag. masse fram og tilbake så blei ikkje trening av hest i dag nei.


2006-11-13
Skikkelig forkjøla i dag så Siri fekk fri.


2006-11-12
Dommerkurs i heile dag så fekk ikkje ridd. Begynner bli sjuk også


2006-11-11
Demonstrasjonshest i LA på dommerkurs i dag, men eg var deltaker også så blei litt kav. hesten var ikkje med heller. Skikkelig daff i dag.


2006-10-29
I dag har eg vore til Dale og sett følet til Mykla Stine. Torset Ljosa. Ho var fin og veldig snill. Eg stelte høvane hennes. Vi var også og kikka på Torset Prins og eit hoppeføll til etter Ljosprins.

Blei ikkje noko trening av Siri i dag.


2006-10-28
Rei dressur i ridehallen.


2006-10-27
Tømmelongerte.


2006-10-24
Siri har fått fri i dag. har vore på jobb i Utvik, og gjordt diverse ærend etterpå.


2006-10-23
Rei tur oppover mot skogsvegen. Rei ca halv time. Dreiv og malte på hengeren så fekk ikkje tid til meir.


2006-10-22
Rei dressur på store utebana. Stiv i begynnelsen, men kom seg etter kvart. Jobba mykje med høgre side der Siri ikkje vil bøye seg. Jobba også mykje overganger. både skritt-holdt. Trav -nesten holdt, galopp-skritt osv. Blei fin i galoppen etter kvart også på venstre hand der ho bruker stivne. kom betre når eg stilte henne litt utover. Høgre skulder er eit problem. Blir fort litt stort temp0o i venstre galopp og litt store volter. Men fornøyd med henne i dag etter så lenge pause. Dette kan blir bra det trur eg.


2006-10-21
Siri fekk fri i dag. Eg og ungane var på Sandane og handla oss nye vintersko. Og så rydda vi litt hus.


2006-10-20
Rei dressur i ridehallen. Begynner å kreve litt meir av henne no. Trava mykje i dag. Jobba ein del på åttetall. God aktivitet i traven, men stiv på høgre hand. Innsida. Ungane rei litt på kvelden.


1   2   3   4   5   6   7   8   9   10   11   12   13   Eldre >